fredag 14. mars 2008

Total Nepal!

Nepal er bra. Skikkeleg bra. Me ankom Kathmandu 27. februar etter eit heller ublidt moete med flyplassen I Delhi (som er dritt). Me fann eit hotel me var noegd me, og satte saa kursen mot flyplassen igjen for aa henta Stian Goplen. Ein bustete liten Oslo-aust gut me gjekk paa folkehoegskule med.

Me rocka Kathmandu nokre dagar og fann ut at me burde utvida Nepaltida med ei veke. Etter dette var ordna var det tid for fjelltur i 6 dagar. Me ordna oss guide og satte kursen mot Pokhara. Ein liten sjarmerande by ved foten av Annapurna fjella.

Etter ei overnatting i Pokhara var det tid for aa utfordra naturen. Me gjekk gjennom lunefulle junglar, over hoege stup, under dundrande fossefall m.m. Det var spektakulaert til tider.

Overnatting fekk me i smaa gjestehus i fjellandsbyane. Mat fekk me og. Noko godt og nook ikkje saa godt. Men jamnt over heilt ok. Landsbyane var smaa og sjarmerande. Ting vart gjort som det alltid hadde vorte gjort, dvs. utan den heilt store hjelpa fraa maskinelt utstyr.

Etter ein 6 dagar med finfin fjelltur, var det nok ein gong Pokhara ei natt. Her var det tid for varm dusj og barbershop vitjing. Saa reiste me attende til Kathmandu. Her slappa me heilt av dei siste dagane foer avreise til India.

Saa kom me til Mumbai i India. Her luktar det urin og folka verkar frykteleg arrogante og sure. Ikkje alle, men overraskande mange. I gaar var det avskjedsfest for Stian. Daa var det paa med finstasen (skreddarsydd i Nepal) og rett paa det finaste hotellet i India, Taj Mahal Hotel. Her passa me inn. Me rakk ein drink foer me fann ut at me ikkje hadde raad til saerleg meir. Men me saag frykteleg bra ut.

Ellers ventar Brasil om nokre dagar. Det skal bli godt med ein ny verdsdel.

Mvh Boy Bendik og Kule Kvaale





Monkeytemple i Kathmandu. Medan me aat lunsj kom ein hissig ape og stal all maten til Bendik.


Stian skal klyppast og verta fin. Ein frykteleg profesjonell KRistian har paatatt seg oppgaava.


Stian er vorten fin. Kristian er noegd med jobben.


Toerr risaaker i fjella.

Gutta paa tur. Stian kosar, Bendik har bart og Kristian har kule solbriller. Annapurna South i bakgrunnen.

Utsikt fraa Poon Hill, 1.

Utsikt fraa Poon Hill, 2.

Skummel taake eine dagen.


Eine plassen me budde. Tadapani trur eg plassen heiter.


Utsikt fraa Tadapani.


Bendik blir kosete i fjellufta. Stian likar det.


Me skulle sjaa sinte ut, men Bendik feila. Staute kara nevertheless!