Endeleg tilbake i Ho Chi Minh City er det vel paa tide med ein bloggupdate. Me tilbrakte 3 dagar i Ho Chi Minh foer me reiste vidare. Me saag mellom anna Krigsoffermuseet, den verdskjende dyrehagen, Ben Tranh markedet m.m. Ein crazy storby med 6 millionar innbyggjarar og 3 millionar mopedar. Og ingen trafikkreglar.
Etter dette reiste me til Ho Coc. Me tok baat til Vung Tao og saa taxi dei siste 6 mila. Ho Coc var ingenting bortsett fraa ei laaaang strand med nokre bungalows paa. Ein veldig behageleg plass. Her vart me kjend med litt forskjellig folk. Eine dagen fann me ut at me skulle gaa oss ein tur. Etter omlag 6 km med gaaing stoppa den lokale bussen og tok oss paa. Me sat paa rissekkar i ein overfylt buss. Hoppa av i ein landsby som kanskje heiter Binh Chau. Her vart me fort attraksjonen. Me vart invitert inn i eit hus der det sat nokre gamla karar og gambla. Ei interessant oppleving. Dagane i Ho Coc var veldig avslappande, og var akkurat det me trengte etter storbymaset i Ho Chi Minh. Etter 5 dagar reiste me til Vung Tao.
I Vung Tao gjekk me ut for aa ta oss eit par pils. Etter eit par pils kom me i kontakt med nokre lokale ungdomar som sat paa same gaterestaurant. Me tok eit par pils med dei og ;). Kommunikasjonen gjekk saa som saa, men alle koste seg veldig. Dei inviterte oss ut dagen etter. Saa dagen etter moettest me i 8 tida paa kvelden. Fyrst gjekk me ein tur i parken og koste oss. Saa sat me oss ned paa same gaterestaurant som kvelden foer. Som snacks til pilsen vart det servert toerka blekksprut, meslingar og selkjoet. Daa klokka nerma seg 11 var det tid for nattklubb. Her var dei tydeleg meget respekterte. Dei hadde eige bord som var reservert for dei, og ein eigen bartender som soerga for at det alltid var fullt i glasene. Rart for oss som er vant til aa staa ein halvtime i koe for pils. Me rocka dansegolvet heftig, og fekk mange fans. Nachspiel paa "stamplassen" - Cafe Rosa. Ein utruleg artig kveld.
No er me tilbake i Ho Chi Minh City. I morgon reiser me til Kambodsja.
Grunnen til at dykk ikkje faar bilete, er at kvart bilete tek omlag 15 minutt aa lasta opp. Og det giddar me ikkje. LOL
Alt vel ellers. Gode magar er gull verdt. Veret har vore upaaklageleg. Temperaturen ligg paa omlag 30 grader +, saa aircondition er ogsaa gull verdt.
Koz og kleeeemz fraa Bendik og Kristian.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
De er ein gjeng med jævla taparar, håpar de aldri kjem tilbake. Eg heiar på Bendik!
PS!
Send postkort!
Stig fortenar ingenting, han skymar seg rundt i kulissene og gjer ikkje på noko som helst.
Anna enn å tigge sex frå meg og syte over kebabprisane.
Det er forøvrig ei trend eg vil ha meg fråbedt, orkar ikkje vere ei handelsvare lenger.
Ellers har dokke det betre enn meg, og eg saknar dykk! Men det lyt ta seg opp. Og det gjer det.
Mix & fix chix,hugs antibac
artig artig med oppdateringer! savner så å reise, er jøtt misunnelig må jeg si!!! flott at dere menger dere med lokalbefolkningen:)
nå skal jeg lage album fra turen våres, så husk å ta masse bilder!!
take care!
Legg inn en kommentar