tirsdag 12. februar 2008

Kambodcha-cha-cha

Daa Bamboo Island maatte forlatast gjekk turen nok ein gong til Phnom Penh. Her var det vanskeleg aa faa husly. Det endte opp med at me budde paa soverommet til ein som dreiv eit gjestehus. Billeg overnatting.

Etter ei natt der fekk me eit ordentleg rom. Daa var det kinesisk nyttaar, og me vart invitert paa middag hos folka me budde hos. Artig! Dei neste dagane i Phnom Penh gjekk med til litt sightseeing og ein del avslapping.

Daa var tida komen for Siem Reap, og litt tempeltitting. Me tok bussen opp her, og sjekka inn paa eit gjestehus drifta av nordmenn. Godt aa treffa litt vanlege nordmenn etter nesten ein maanad med Bendik. Eigd.

Me leigde ein tuk-tuk med sjaafoer for heile dagen og satte kursen mot Angkor. Fyrste stopp var Angkor Wat. Tru det eller ei, men 1000 aar gamal stein kan faktisk vera kult. Fun fact of the day, daa London hadde 50 000 innbyggjarar budde det 1 million Khmers i Angkor. Verdas fyrste millionby! Neste tempel var Bayon. Med sine taarn og gigantiske, smilande andlet var nok dette lett dagens hoegdepunkt. I veldig god stand var det og. Me fekk og med oss fleire mindre tempel denne dagen.

Neste dag var det grytidleg opp. Eg, Bendik og Shawn, ein luring fraa singapore, hadde avtalt aa vitja Beng Melea m.m. Eit tempel dei fann for ikkje saa altfor lenge sidan, og som dei ikkje har fjerna jungelen fraa. Her veks tre gjennom stein og det heile ser insanely kult ut. Ein del var rast grunna tett jungelvekst, men mykje var framleis intakt, og ein kunne klatra og krypa gjennom gangar og rom i ruinane.

Me fekk og med oss Banteay Srei, eit raudt-rosa tempel med sjuk dekorasjon, landminemuseet og Ta Phrom. Templa var over all forventning. Gled dykk til bileta. Dei rockar.

Ellers har me erfart at ved enkelte uteplassar i Siem Reap faar ein skulder og ryggmassasje ved oppstilling framfor urinalen. Bendik fann dette meget underhaldande, eg fann det aa vera ei hindring mellom meg og maalet mitt. Noko som resulterte i at eg maatte forlata toalettet lika trengd som daa eg kom. Prestasjonsangsten tok heilt overhand.

Me har det med andre ord heilt toppers, og me lovar ein ganske heftig bileteupdate snarast. Mest truleg i dag.

I dag er det btw eitparogtredvegrader her. Det er det ikkje i Noreg lol!

Ingen kommentarer: