mandag 25. februar 2008

Thailand lol


Dette var det kulaste me saag i Bangkok og omegn. Ei geit mot ein liten hjort. Ein kamp til doeden. Ingen doydde, men kampen var skikkeleg kul.

Ein foss i ein jungel. nuff said.

Me ankom Thailand fraa Siem Reap. Bangkok var fyrstestopp. Kanskje verdas kjipaste storby. Etter omlag 24 timar i Bangkok sakna me allereie Kambodsja. Men, lite aa gjera med det no.



Fyrste kvelden gjekk me ut med eit par fraa Japan. Me delte taxi med dei fraa grensa, og fann tonen. Fyrste kvelden var morosam.



Etter dette gjekk det berre nedover for Thailand sin del (i vaare augo). Thaifolk elskar pengar, og vil gjera alt for aa ta dei fraa deg. Eit slit i lengden. Me valgte oss ut eit par ting me ville faa med oss likevel. Snakefarm, thaiboxing, Tiger Temple m.m.



Snakefarm var fett. Kongecobras, vanlege cobras og masse andre rare slangar. Me koste litt med kvelarslangane og var generelt kule. Etter dette var det thaiboxing paa tapetet. Me kosta paa oss ringside billettar (i lag med ein fyr som heitte Antonio fraa Lillesand?), som me hade moett tidlegare paa dagen. Blod, sveitte og taarer fauk vegg i mellom medan thaiane var veldig opptatte med aa ropa og senda pengar til dei ulike bookmakerane rundt om i crowden. Ein kul opplevelse.



Neste dag var det vitjing av the bridge over River Kwai. Heilt ok. Hoegdepunktet skulle vera Tiger Temple. Der munkar visstnok hadde tamme tigrar dei passa paa. Det var ikkje noko tempel, munkane var ikkje ekte, og tigrane var klart neddopa. Guiden vaar hata plassen og bad oss om aa fortelja omverda om dritten. Ikkje reis der!



Konklusjonen er vel eigentleg at Bangkok by syg! Vidare bestemte me oss for aa droppa badeliv, og heller stikka nordvest i thailand for litt jungelvandring. Eit godt val. Me hamna i lag med ein dansk familie og nokre austerikarar (?). Fyrst nattog til Chiang Mai, og saa ut i bushen. Her var det gaaing, elefantriding, bambusrafting og anna snacks. Me koste oss.



Ellers lite aa seia om Thailand. Me har vel konkludert med at me like gjerne kunne tilbrakt thaidagane i Kambodsja. Men ingen sure miner. I morgon gaar turen vidare til Nepal.



Det skal nok verta andre bollar.



kos og klem, Kris og Bem lol.









Kveld med Japanara.

Kongekobra, hissig kongekobra. Bendik var redd.

Muay Thai (thaiboxing). Kner og albogar ser vondt ut.

The Bridge over River Kwai.



Internett er treigt, saa fleire bilete faar dykk kanskje ein anna gong.



1 kommentar:

Anonym sa...

Ja...jeg venter og venter på nye livstegn, menne, det kommer jo ingen...alt bra eller? Nyter dere livet?