lørdag 5. april 2008

Den som ventar paa noko.....

Hei igjen. No er det lenge sidan nokon har oppdatert noko. Det er vel paa tide. Me har reist fraa Asia til Syd-Amerika. Litt trist, litt deileg. Trist aa maatta betala meir enn 50 kroner for finfine middagar, deileg aa kunna kommunisera. Trist aa ikkje tenka paa pengar, deileg med sittedoar (og toalettpapir).

Me flydde fraa Mumbai til Johannesburg, og fraa Johannesburg til Sao Paolo. Var ganske slitne i Sao Paolo og stakk raskt vidare nedover kysten til Florianopolis (10 timar i buss). Ei oy, eller ei halvoy. Her var det paaske og umogleg aa faa husver. Etter mykje om og men, og etter at Kristian hadde lova at han verkeleg hadde slekt i Buenos Aires, fekk me leiga ei leilegheit med takterasse. For ein overkomeleg pris. Me rocka terrassen vaar hardt!

Etter 3 netter her stakk me heilt soer paa oya til ein plass som heiter Pantana do Sul. Her var det superavslappings. Ein times gange over fjellet fraa landsbyen laag det ein perfekt lagune. Ein laaang sandstrand med surfebabes og deileg vatn. Etter fyrste dagen snudde veret, og me vitja berre lagunen ein gong. Me vart likevel buande her 5-6 netter. Det var ein digg plass.

Neste stopp var Foz de Iguacu (16 timar i buss). Fossefalla paa grensa mellom Brasil og Argentina (og Paraguay for dei som vil). 275 fall samla paa eit ikkje veldig stort omraade. Masse vatn, masse braak og masse folk. Det var heftig. Ein dag var nok though.

Saa var det helvetesetappen. Fraa Foz de Iguacu til Buenos Aires (omlag eit doeger i buss). Det gjekk greit. Me chilla, og var glade for aa koma til eit land der dei snakka spansk. Portugisisk er lame! Bendik fekk raskt fart paa spansken sin, Kristian sin gaar det litt treigare med. Men han er flink til andre ting. I B.A. hooka me nok ein gong opp med den vesle, bustete oestkantsguten Stian.

Buenos Aires er partyby numero uno! Uteplassane opnar doerene 1-2 og stengjer dei i 8-9 tida. Og ein skal ikkje leita lengje for aa finna plasser aa gaa etter dette om ein ikkje allereie er alkoholforgifta og overtroytt. Saa Buenos Aires vart rocka hardt dei fyrste dagane me var her. Ellers verkar det eigentleg som ein litt kjedeleg by. Eller det er masse demonstrasjonar. Argentinarane likar ikkje at kjoetprisane/skattane vert tukla med. Daa samlast dei i gatene. Dei 3 fyrste dagane her var det ikkje kjet aa oppdriva (oksekjoet). Ikkje eingong McDonalds slapp unna boendenes vrede. Masse politi og masse slagord, tagging og bannervaiing.

Etter at ting gjekk seg til fekk me endeleg smakt den argentinske biffen. Og den er god. Moer, fin og kostar ikkje meir enn at me kan ha eit par slike middagar.

Bendik og Stian er reist til Bolivia, og Kristian reiser til Uruguay om eit par timar. Alt vel med alle.

Bilete kjem om eg finn ein PC med usb som fungerar.

Ingen kommentarer: