onsdag 23. april 2008

Lululu Peru!

Gutane er ferdige i Soer-Amerika. Peru var siste stoppestad foer me flydde til San Francisco. Peru var fett. Etter aa ha vore paa eigne eventyr moettest gutane kvarandre igjen i Cuzco. Ein fjellby paa 3700 moh. Bendik gret av glede.

Etter ei overnatting her var det tid for fjelltur og crazy eventyr. Gruppa vaar var veldig bra. Ein salig blanding av Spania, Usa, Canada og Noreg. Guiden vaar var og ein veldig bra mann.
Religionen hans var naturen og fjellet. Han var kul.

Fyrste dagen gjekk med til vas og tjas og lite gaaing. Andre dagen starta me paa Andesfjella. Andesfjella er sjukt heftige. Me hadde med oss guide, assistantguide, kokk og folk til aa bera utstyr. Eit heftig reisefylgje! Me gjekk ikkje saa altfor langt fyrste dagen og me lagde oss ein koseleg camp. Benny Bizzle og Kay Kizzle tok sjoelvsagt foeringa, og viste raa styrke i den tynne fjellufta! Resten av gruppa berre maapte.

Andre dagen var det tid for stigning. Me sleit oss oppetter fjellsidene (framleis i front) og passerte hoegaste punkt paa 4215 meter, ved Dead Woman's Pass. Null stress. Etter toppen var naadd jogga me lett nedover paa andre sida. Null stress. Paa kvelden var det camp med rom og whiskey. Gutane viste igjen raa styrke.

Dag 3 gjekk me vidare i fjella. Sinnsjuk natur og heftige fjell overalt. Me foerde gruppa lett til campen, som igjen vart prega av medbrakt. Me foerde gruppa lett gjennom kvelden. Som vart avslutta relativt tidleg. Dagen etter var det tid for soloppgang over Machu Picchu.

Klokka 4 banka dei paa teltet fjerde dagen. Me heiv oss i kleda og starta turen mot Machu Picchu. Paa tomme magar tusla me eit par timar til me naadde utkikkspunktet. Derifraa hadde me full oversikt over heile Machu Picchu. Sjokolade og soloppgang er digg! Daa sola var eit faktum gjekk me ned til sjoelve byen, Machu Picchu. Her gjekk me rundt og koste oss i mange timar. Me saag soltempel, ofringsrom og mykje anna.

Gutane hadde sjoelvsagt meir krut i beina og bestemte seg for aa klyva opp paa Waynapicchu. Eit fjell som ligg like ved M.P., og er heilt sjukt kult. Opp var ein heftig klatretur me unnagjorde paa mindre enn halvtimen. Ein ser rett ned paa M.P. derifraa. Paa toppen kunne ein dingla beina utfor kanten. Ikkje det at kantar i seg sjoelv er allverda, men naar det er (etter Kristian sitt augnemaal) i alle fall 500 meter ned byrjar det aa koma seg. Byggverket paa toppen var det mest sinnsjuke i heile verda. Det var null plass, saa dei bygde seg sine eigne flater. Ingen sikring nokonplass og masse klatring gjorde dette til turens desidert heftigaste oppleving. Sola skein og alt var perfekt.

Daa Machu Picchu (og Waynapicchu) var unnagjort var det tilbake til Cuzco, ei overnatting og ein fest som Kristian var vaksen nok til aa takka nei til, og saa til Lima. Me hadde hoyrd mykje drit om Lima, men byen viste seg aa vera skikkeleg kul. Her var det fest og kos og full baluba. Siste kvelden vaar der vart me invitert med av Rodrigo (ein som jobba paa hostellet me budde paa) til jazzkonsert. Her var det full fres og live jazz. Heftig. Utpaa natta var det tilbake til hostellet. Bendik sovna. Kristian var med i kule-gjengen som hadde nachspiel paa taket. Gitar, allsang og kjempestemning!

Alt i alt viste Peru seg aa vera eit skikkeleg bra land. Folka var kule, fjella var kule og ting var ok billeg. No er me vel framme i San Francisco og har starta den amerikanske leigebildraumen vaar. Aa koyra utan GPS viste seg aa vera ei utfordring. Saa etter ein liten de-tour ut til Oakland fekk me skaffa oss. Digg. Saa naa ligg alt til rette for eit roadtrip eventyr utan sidestykke.

mvh Bndk og Krstn!!! LOL

1 kommentar:

Helga sa...

eg må kommentere kvart innlegg.
og eg ser på bileta før eg les teksta. så no elskar eg kristian også. eg er ikkje sann. her er det i det minste ikkje trangt om plassen!

tippar btw bunad og konfirmasjon slår san fransisco